Skip to main content

Galleri Rustica – 20 år med kunst og kultur

Galleri Rustica – 20 år med kunst og kultur.  

I 20 år har Galleri Rustica vore ein levande møtestad for kunst, kultur og skapande menneske i alle aldrar. Bruken blei meir variert enn me såg for oss; i tillegg til utstillingar og konsertar kom kulturkveldar, føredrag, vigslar og fotokulisse, særleg for brudepar.

Historikk på heimesida

Under fana Arrangement kan ein sjå spor frå mykje av det me har fått til. Utover i jubileumsåret vil me trekke fram noko av dette.

Jubileumsåret 2026 startar med kjærleik og varme

Ein enno-ikkje-fullteikna årskalender for jubileumsårets kjem snart på heimesida. Her blir glade gjensyn med utstillarar som har betydd mye for galleriet og fleire debutantar, og nye typar arrangement, som «Kjærleikspråk og genservarme» søndag 01.02.                 

Opna offisielt i 2006 

Løa blei galleri takk vere filtmakar Anne S. Johnsen. Ho planla atelier nede i løa. Så blei det galleri oppe. Utstillinga hennar «Alt-i-ull» i april 2006 var offisiell opning.
På Kystsogedagane 2005 «tjuvstarta» teiknaren Kåre Eikeland i eit uferdig løegalleri, saman med keramikar Helga Angelsgård Eikrem. Begge utstillingane blei vellykka og vel mottekne, og starta ei fin utvikling for galleriet.

Støtte frå kommune, fylke og private 

Kulturkonsulent Haldis Dokken Urdal i Meland kommune var ein ivrig pådrivar og god støttespelar for å kome i gang. Kommunen og Hordaland Fylke gav økonomisk støtte til restaureringa av løa. Arkitekt Helge Samuelsen teikna prosjektet, byggmeister Alf Nilsen gjorde tømrararbeidet og Gjesdal Glass laga vindauge og glasdører. Ein tidleg utstillar sponsa spotlysa. Alle desse fortener hjartans takk!

Rustikt lokale med særpreg

Både kunstnarar, profesjonelle og amatørar, og publikum likte seg godt i gallerilokalet.
I prosjektplanen var det planlagt bruk berre i sommarhalvåret. Men lokalet lokka til meir bruk, for på vinterstid kunne rommets eigenarta rustikke og tidvis råkalde sjarm, gje ei eiga eksotisk stemning. Som på trettande dag jul 6. jan. 2025, då mellomalderballaden Draumkvedet vart framført for to fulle hus, «på ein av dei mest snøfylte dagane på Vestlandet dette året… det knitra i vedomnen, vinden blas gjennom murveggene..» står det i CD-heftet til innspelinga som kvedar Linda Røyseth Sandhåland og gitarist Bjørn Schille laga.

Gode lokale støttespelarar

Kystsogedagane på Holmeknappen har i alle 20 åra vore ein god samarbeidspartnar og ei viktig ramme for oss. Det same gjeld Ullveka og Kunstrunden i Nordhordland. Eit godt samvirke med Knappen Handleri har resultert i Luciatog og Nissetog. Raus nabohjelp har òg kome. Og lokalavisene har frå starten av dekka mye av aktivitetane våre. Alver kommune har gitt økonomisk støtte til fleire prosjekt. Hjartans takk til alle!

Samarbeidsprosjekt og gjestekunstnarar

Keramikar Elisabeth Holt, ein viktig lærar for Anne, og hennar keramikk-kollektiv «Møllaren keramikk» og filtmakar Karin Flatøy Svarstad, som inspirerte Anne til å bli filtmakar, kom tidleg med i galleriet og har vore trufaste samarbeidspartnarar.
Galleriet har hatt ei rekkje kjekke samarbeidsprosjekt med Kulturskulen i Alver og nærskulane Vestbygd og Rossland, og Blåklokka barnehage. Elevgrupper frå Knarvik VGS har hatt utstilling. Takk vere god privat og kommunal sponsing har me tre år kunna ha gjestekunstarar i opphald. Takk til alle! 

Eit kunstgalleri fremjar trivnad og helse!

Profesjonelle, glade amatørar og unge og eldre debutantar (eldste 78 år!)
Takk til alle små og store, og publikum,
for mange minnerike og gilde opplevingar og gode stunder, som på sitt beste – beint fram sagt og ærleg meint – aukar vår trivnad, kunnskap og forståing i livet, og viser at kunst og kultur ikkje berre er dekor og luksus, men sunt og livsfremjande, livsviktig sikringskost.
 

Eit varmt velkommen til Jubileumsåret!